Info

No search result

Handlekurv

 
 
Pris
Eining
Totalt
Handlekurven er tom
Totalt:
0 NOK
MVA inkludert:
0 NOK
/fjellreinskulen/
page
false
Fjellreinskulen - Bjåen
False
False

Fjellreinskulen

Ragnhild Bjåen og Tove Hertzberg (galleritove.no), har mottatt kr. 950.000,- frå Miljødirektoratet for å utvikle Fjellreinskulen!
Dei skal utvikle informasjons- og undervisningsmateriell, samt pedagogisk opplegg og undervisningsverktøy retta mot skular, fastbuande og besøkande i Setesdal. Målet med Fjellreinskulen er å formidle kunnskap om lokal natur, kultur og historie og på den måten vere med på å skape bulyst, byggje opp kjensle av identitet, styrke den lokale forankringa og vise stadeigenheit, «the sense of place».

Eit viktig fokus er reinsdyra. Nord-Europas sørlegaste villreinstamme er sårbar, men også kilde til ein nasjonalskatt som har gitt grunnlag for alt liv i Skandinavia. Reinsdyra har lagt premissar og vore med på å danne kulturen vi er ein del av i Bykle og Setesdal, også i nyare tid. Mykje av kulturen – og kunnskapen, er imidlertid i ferd med å bli borte. Dette vil Ragnhild og Tove gjere noko med. Ein stad må «hentast fram», for å forstå meir og ta del i kunnskapen som ligg her, uttalar Tove Hertzberg i radiointervju på NRK P1 16. april.

Vi ynskjer lykke til med eit viktig arbeid!