Info

No search result

Handlekurv

 
 
Pris
Eining
Totalt
Handlekurven er tom
Totalt:
0 NOK
MVA inkludert:
0 NOK
/new-item-2/
page
false
Om Bjåen - Bjåen
False
False

Om Bjåen

Om Bjåen Fjellstove

Else Rønnevig gav våren 2012 ut boka “Gamle hus”. Her er Bjåen Fjellstove presentert, og Ragnhild har skrive litt om sine erfaringar. Dette er ei flott praktbok som bør lesast og sjåast i for alle som har hjarta for gamle hus!

Ragnhild`s erfaringar

No til våren vert det 5 år sidan eg flytte heim og tok opp att drifta av Bjåen Fjellstove. Når eg ser attende på desse åra, ser eg at ein del har endra seg. Både i huset og med bygningen, men kanskje mest i mine eigne haldningar til det eg driv med.

Eg kom heim att med eit stort hjarta for ”turisthuset”, som me kalla det. Eg hadde litt kunnskap om historie og byggjeskikk og nokre ikkje alt for klare oppfatningar om kva eg ville med staden min. Eg hadde ingen kapital, og ikkje fast jobb. Men ei allsidig og lang utdanning og erfaring frå ulik type arbeid. Det viktigaste var at alle røtene mine var her på Bjåen. Min eigen historie var tufta her. Eg kalla difor prosjektet mitt ”Heimslege gleder og gamle draumar”. Eg har også heile tida hatt mor og far, sysken og no kjærast med på laget, og må takke dei mykje både for hjelp og oppmuntring!

Råda og formaningane var mange. Huset var for lite til å drive i denne bransjen, standaren var for låg – det måtte byggast ut og byggast om, vart det sagt av mange. Men, heldigvis kan eg no sei – økonomien tillet ikkje slike grep og magefølelsen var heller ikkje der. Det var ikkje dette eg ville! Så eg fann ut at eg må sjå kva eg har i dag, og kva eg kan bruke det til.

Etterkvart vart det også klarare for meg at produktet mitt var sjølve huset, historia og forteljingane som ligg i kvar centimeter av veggane her. Det var formidling av dette eg hadde hug til. Eg ville drive berekraftig og traust, i tråd med slik besteforeldra mine hadde skapt seg eit levebrød. Difor søkte eg sertifisering som Norsk Økoturismebedrift, og Bjåen Fjellstove vart godkjend som fyrste verksemd med servering og overnatting hausten 2008.

Eg sjølv innser meir og meir at eg berre har det gamle huset til låns. Bygningen har sin eigen historie og talar sitt eiga språk, og har levd livet i snart 150 år. Og det ber alderen sin godt og med ære. Min jobb vert å ta vare på det så godt eg kan, utan å endre alle spor og merke etter tida – det som gjev huset sjel. Dersom alt vert nytt og blankpolert forsvinn også sjela i huset.

Det er mange vanskelege val å ta. Kva er fint slite og kva er ikkje? Kor langt skal ein gå i kompromiss mellom funksjon og originalitet og estetikk? Eg ynskjer ikkje å ”pynte” på huset. Eg vil at det skal framstå nett så traust og maskulint, så trygt og jordnært som det har gjort. Eg ynskjer ikkje å gøyme vekk dei gamle spora, på same tid skal huset vera ein god stad å vera for menneske i dag. Gode dyner og madrasser er viktig, men dei gamle vassrøyra får stå,  i saman med kledeoppheng av ståltråd og ei bjørkegrein. Det elektriske anlegget må oppgraderast og leidningar bytast ut, men det vert ikkje det same inntrykket med kvite plastikkleidningar. Eg har valt å bruke tida, eg ser at hadde eg skulle gjort alt med ein gong ville resultatet vore heilt annleis, og truleg ikkje til det betre. Dette har også noko med økonomi å gjera, men det er noko med at ”vegen vert til med ein gjeng”.  Og at det tar tid. Det tar tid å finne dei rette løysingane og dei rette handverkarane. Materialane er vel så viktige. Her har me mykje å lære av dei gamle husa og arbeidet som handverkarane har lagt ned. Det er ikkje mykje slurva med trevyrket i eit hus som framleis står godt etter nokre hundre år.

Eg har med desse åra fått meir kunnskap, og ikkje minst meir respekt. Eg har hatt god hjelp av ressurspersonar og rådført meg med fleire på ulike felt. Nokre råd har eg fylgt, andre ikkje. Men eg har lært veldig mykje av dette sjølv. Og eg har vorte meir medviten. Dess meir eg har lært,  dess meir veit eg at eg ikkje veit, og dess vanskelegare er det å gjera noko og å vera sikker på at dette er til det beste for huset.  Noko har eg gjort som eg i dag angrar på, eller ville ha gjort annleis om eg hadde visst det eg veit i dag. Andre ting er på vent – det er heile tida ein prosess som gjeng føre seg. Eg ynskjer at eg kan halde huset i ein stand som gjer at det kan stå oppreist i enno 150 år, og at det kan verte som ei levande historiebok om korleis tida har endra seg. I eit langsiktig perspektiv er det kanskje ikkje omsynet til behova me har i dag som er det viktigaste, vel så viktig er omsynet og respekten for huset i seg sjølv. Då kan me tilføre litt av vår tid, men ikkje fjerne alt det som fylgjer med eit gamalt hus på godt og vondt.