About

No search result

Shopping cart

 
 
Price
Quantity
Total
Cart is empty
Total:
0 NOK
/historie/
page
false
Historie - Bjåen
False
False

Historie

Historie


125 år med gjester på Bjåen Fjellstove

Det gamle huset med veggar som har stått støtt for gjester i 125 år, og husa både engelske lordar og norske kongar, ”kjøbmend” og ”husfruer”, fjellvandrarar og musikarar, og som vore gjennom ei nedtaking, flytting og oppattsetjing, står i dag på ny og tar imot gjester som vil kjenne ånden av den gamle historien.

i 1884 steig Margretha opedal inn døra som den fyrste vertinna på hotel Børte, i Byrte i tokke kommune. hotellet låg i reiseruta mellom aust- og vestlandet, og ei ynda rute for utanlandske turis-ter. Då som no var ”Fjordane” eit kjent reisemål. Men tidene endra seg, og vegane endra seg.

i 1937, den 16. oktober, kjøpte Aslak og ingebjørg Bjåen det staslege sveitserhotellet. Stokk for stokk vart dei høge veggane tatt ned, alt godt merka, og alt godt teke vare på. På ein liten lastebil vart heile huset køyrt og flytta til Bjåen. og like nøyaktig som det vart teke ned vart det sett opp att, stokk for stokk, men i ei anna fjellgrend, 6 mil lenger vest.

Ingebjørg kunne stolt helse dei fyrste gjestene velkomen til påska i 1939. Med åra vart det mange gjester å helse på. kraftig bondekost og godt vertskap vart Aslak og ingebjørg særleg kjende for.

​​​​​​​