Målet med Fjellreinskulen er å formidle kunnskap om lokal natur, kultur og historie og på den måten vere med på å skape bulyst, byggje opp kjensle av identitet, styrke den lokale forankringa og vise stadeigenheit, «the sense of place».
Eit viktig fokus er reinsdyra. Nord-Europas sørlegaste villreinstamme er sårbar, men også kilde til ein nasjonalskatt som har gitt grunnlag for alt liv i Skandinavia. Reinsdyra har lagt premissar og vore med på å danne kulturen vi er ein del av i Bykle og Setesdal, også i nyare tid. Mykje av kulturen – og kunnskapen, er imidlertid i ferd med å bli borte. Dette vil Ragnhild og Tove gjere noko med. Ein stad må «hentast fram», for å forstå meir og ta del i kunnskapen som ligg her.